EN
OmCider
EN

Vilkår og betingelser

Sist oppdatert: 17. juni 2026

Desse vilkåra gjeld for bruk av nettstaden omcider.no og tenestene OmCider AS (org.nr 923 459 472) tilbyr der. Ved å bruke nettstaden godtek du vilkåra.

1. Om nettstaden

Nettstaden blir driven av OmCider AS, Bygdavegen 36, 4130 Hjelmeland. Du kan nå oss på post@omcider.no eller +47 971 12 475.

2. Bruk av nettstaden

Du kan bruke nettstaden til å lese informasjon om OmCider, kontakte oss og bestille opplevingar. Du skal ikkje misbruke nettstaden — til dømes ved å forsøke å skaffe deg uautorisert tilgang, forstyrre drifta, hente ut data automatisk i stort omfang, eller bruke nettstaden til ulovlege formål.

3. Booking og kjøp

Kjøp av opplevingar og billettar er regulert av eigne salgsvilkår, som du finn på omcider.no/salgsvilkar. Ved motstrid mellom desse vilkåra og salgsvilkåra, gjeld salgsvilkåra for sjølve kjøpet.

4. Brukarkonto

Du kan opprette ein konto for å sjå og administrere bookingane dine («Mi side»). Du er ansvarleg for å halde innloggingsopplysningane dine trygge. Du må oppgi ei gyldig e-postadresse, og kontoen blir stadfesta via ei lenke me sender deg.

5. Informasjon du sender oss

Når du bookar, sender e-post eller skriv i chatten, er du ansvarleg for at opplysningane du gjev er korrekte. Ikkje del sensitive personopplysningar du ikkje vil at me skal lagre.

6. Chatboten

Nettstaden har ein AI-basert chatbot som svarar på spørsmål om sider, opplevingar og besøk. Svara er rettleiande og kan innehalde feil eller vere ufullstendige. Bindande informasjon — til dømes om pris, tilgjenge eller avtaler — må stadfestast direkte med oss. Ikkje skriv sensitive personopplysningar i chatten.

7. Immaterielle rettar

Tekst, bilete, logo, design og anna innhald på nettstaden tilhøyrer OmCider AS eller våre lisensgjevarar, og er verna av åndsverklova. Innhaldet kan ikkje kopierast, distribuerast eller brukast kommersielt utan skriftleg løyve frå oss.

8. Lenker til tredjepartar

Nettstaden kan innehalde lenker til eksterne tenester, til dømes kart og betalingsløysingar (Vipps og Stripe). Me er ikkje ansvarlege for innhaldet på eller personvernpraksisen til slike tredjepartssider.

9. Ansvarsfråskriving

Me arbeider for at informasjonen på nettstaden — som prisar, opningstider og tilgjenge — til kvar tid skal vere korrekt og oppdatert, men me kan ikkje garantere at han alltid er feilfri eller fullstendig. Nettstaden blir levert «som han er». Me er ikkje ansvarlege for indirekte tap som følgje av bruk av nettstaden, så langt dette ikkje er i strid med ufråvikeleg lov.

10. Personvern

Korleis me handsamar personopplysningar er omtalt i personvernerklæringa på omcider.no/personvern.

11. Endringar

Me kan oppdatere desse vilkåra. Den til kvar tid gjeldande versjonen ligg på denne sida.

12. Lovval og verneting

Vilkåra er underlagde norsk rett, med OmCider sitt verneting, om ikkje ufråvikelege reglar gjev deg rett til eit anna verneting.

Kontakt

Har du spørsmål om vilkåra, ta kontakt på post@omcider.no så hjelper me deg.